Velkomen til Hjelmeland kommune sin oppvekstportal!

Ny søknad til barnehage og/eller SFO
Dersom du er folkeregistrert i kommunen er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne leggje inn riktig kontaktinformasjon (tlf.nr og e-postadr.). Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. (Dersom du er usikker på om du er registrert, kan du forsøke å logge deg inn.) Dersom du ikkje kan logge deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, evt. dersom du pr. i dag ikkje er folkeregistrert i kommunen), må du søkje utan å vere innlogga. Sjå menyen over: "søk barnehageplass" og "søk SFO-plass".


Søknadsfrister til opptak
Barnehage: søknadsfrist 1. februar.
Føresette søkjer til hovudopptaket 01.02 med den datoen dei ønsker plass. Barnet får tildelt plass ut i frå ønska dato, utan å måtte betale i perioden frem til denne datoen. Barnet vert ikkje registrert med plasseringsstart før ønska dato. Dersom du søkjer innan fristen 01.02 er du tryggare på å få tildelt plass i ønska barnehage.

Nye plassar i løpet av barnehageåret (søknadar utanom fristen/rullerande opptak) skal som houvdregel tildelast innan ein månad frå søknad, men du er ikkje garantert plass i ønska barnehage. Du kan då bli tildelt plass i ein annan barnehage i same opptakskrets.

SFO: søknadsfrist 1. mars
Dersom barnet allereie har plass på SFO, treng du ikkje søkje på nytt for kvart skuleår. Ønskjer du endring i opphaldstid, må du søkje om dette på ein annan måte når du er innlogga.


Du må vere innlogga for å:
-endre søknad/ slette søknad
-følgje saksgongen til søknaden
-svare på tilbod om plass
-seie opp eksisterande plass
-søkje om endra opphaldstid
-registrere timeplan

For å endre ny søknad må du gå på "Sida mi"-->"Statusen min". For å endre eksisterande plass må du gå på "Sida mi"-->"Plasseringane mine".


Skuleinnmelding
Informasjonsbrev om innmelding i skulen for barn med skulestart, vert sendt ut til føresette i desember via SvarUt/Digipost. Føresette må logge seg inn med ID-porten på "sida mi" for å stadfeste skuleplassen.


Innlogging
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides)
Les meir om ID-porten her: Informasjon om ID-porten