Velkomen til Hjelmeland kommune sin oppvekstportal!
Ny søknad til barnehage og/eller SFODersom du er folkeregistrert i kommunen er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne leggje inn riktig kontaktinformasjon (tlf.nr og e-postadr.). Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. (Dersom du er usikker på om du er registrert, kan du forsøke å logge deg inn.) Dersom du ikkje kan logge deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, evt. dersom du pr. i dag ikkje er folkeregistrert i kommunen), må du søkje utan å vere innlogga. Sjå menyen over: "søk barnehageplass" og "søk SFO-plass".
Søknadsfrister til opptak
Barnehage: Søknadsfrist 1. februar og 1. september
Føresette kan søke om barnehageplass ved to hovudopptak:
-Søknadsfrist innan 1.februar dersom ein ønskjer plass frå august, eller frå den månaden barnet fyller 1 år (i september-november).
-Søknadsfrist innan 1. september dersom ein ønskjer plass frå januar.
Det er ingen løpande opptak utanom desse to hovudopptaka.
Ved foreldrebetaling: Ein må betale for plassen frå t.d. januar, sjølv om ein ikkje har behov for plass før i t.d. mars (betaling for plass gjeld ikkje for folkeregistrerte i kommunen, då dei har gratis barnehage).
Dersom barnet allereie har plass på SFO, treng du ikkje søkje på nytt for kvart skuleår. Ønskjer du endring i opphaldstid, må du søkje om dette på ein annan måte når du er innlogga.
Du må vere innlogga for å:
-endre søknad/ slette søknad
-følgje saksgongen til søknaden
-svare på tilbod om plass
-seie opp eksisterande plass
-søkje om endra opphaldstid
For å endre ny søknad må du gå på "Sida mi"-"Statusen min". For å endre eksisterande plass må du gå på "Sida mi"-"Plasseringane mine".
Skuleinnmelding
Informasjonsbrev om innmelding i skulen for barn med skulestart, vert sendt ut til føresette i desember via SvarUt/Digipost. Føresette må logge seg inn med ID-porten på "sida mi" for å stadfeste skuleplassen.
Innlogging
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides)
Les meir om ID-porten her: Informasjon om ID-porten