Velkomen til Hjelmeland kommune sin oppvekstportal!

Ny søknad til barnehage og/eller SFO
Dersom du er folkeregistrert i kommunen er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om barnehage-/SFO-plass. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er korrekte, samt for å kunne leggje inn riktig kontaktinformasjon (tlf.nr og e-postadr.). Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. (Dersom du er usikker på om du er registrert, kan du forsøke å logge deg inn.) Dersom du ikkje kan logge deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, evt. dersom du pr. i dag ikkje er folkeregistrert i kommunen), må du søkje utan å vere innlogga. Sjå menyen over: "søk barnehageplass" og "søk SFO-plass".


Søknadsfrister til opptak
Barnehage: søknadsfrist 1. februar.
Føresette søkjer til hovudopptaket 01.02 med den datoen dei ønsker plass. Barnet vert ikkje registrert med plasseringsstart før ønska dato. Dersom du søkjer innan fristen 01.02 er du tryggare på å få tildelt plass i ønska barnehage.

Nye plassar i løpet av barnehageåret (søknadar utanom fristen/løpande opptak) skal som houvdregel tildelast innan ein månad frå søknad, men du er ikkje garantert plass i ønska barnehage. Du kan då bli tildelt plass i ein annan barnehage i same opptakskrets.

SFO: søknadsfrist 1. mars
Dersom barnet allereie har plass på SFO, treng du ikkje søkje på nytt for kvart skuleår. Ønskjer du endring i opphaldstid, må du søkje om dette på ein annan måte når du er innlogga.


Du må vere innlogga for å:
-endre søknad/ slette søknad
-følgje saksgongen til søknaden
-svare på tilbod om plass
-seie opp eksisterande plass
-søkje om endra opphaldstid
-registrere timeplan

For å endre ny søknad må du gå på "Sida mi"-"Statusen min". For å endre eksisterande plass må du gå på "Sida mi"-"Plasseringane mine".


Skuleinnmelding
Informasjonsbrev om innmelding i skulen for barn med skulestart, vert sendt ut til føresette i desember via SvarUt/Digipost. Føresette må logge seg inn med ID-porten på "sida mi" for å stadfeste skuleplassen.


Innlogging
Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides)
Les meir om ID-porten her: Informasjon om ID-porten