Om webstaden

Innhald

Bruke webstaden

Denne internettløysinga er berekna for prosessar rundt søknad om barnehageplass. Løysinga byggjer på WAIstandardens tilrådingar (Web Accessibility Initiative) som er utarbeida av W3C (World Wide Web Consortium). WAI nyttast for at nettstaden til kommunen skal gjerast tilgjengeleg for alle, uansett personlege føresetnader. Systemet kan difor køyrast utan tilleggskomponentar. Det er enkelt å forstørre innhaldet på sida ved hjelp av standardfunksjonar i nettlesaren. Navigasjon, struktur og utforming vert handsama likt på alle sider.

Ein treng ikkje konto for å søkje barnehageplass, men brukaren må vere logga inn for å kunne sjå personleg informasjon og fylgje vidare sakshandsaming av søknaden sin om barnehageplass på internett. Innlogging skjer via ID-porten(MinID, BankID, Buypass, Commfides).

Når du skal fylle ut ein barnehagesøknad kan du starte med å sjå på detaljar om dei ulike barnehagane i kommunen og fylle din "handlekorg" med barnehagar som du kunne tenkje deg å søkje. Dette gjer du under menyen Søk barnehageplass. Barnehagane plukkar du heilt fritt, uavhengig av profil og tilknyting til området. Barnehagar som du finn interessante og som du har lagt til, kan du hente fram igjen når du seinare skal fylle ut din søknad.

Navigering på nettstaden

For å få ein oversikt over kommunen sitt barnehagetilbod nyttast menyen Søk barnehageplass. Her vert alle kommunen sine barnehagar presentert. Det er mogleg å nytta "Søk i tilbodet", for lettare å skaffe seg oversikt.

Nettstaden er bygd opp med ulike hjelpetekster. Nokre av desse finnast som utdjupande tekster rett under overskriftene. Andre finnast i hjelpebobler i høgre marg.

For å forflytte deg på nettstaden kan du trykke på menyane eller nytta knappen som heiter Neste/Fortset.

Laste ned filer

Nedanfor visast kva for nokre filformat som finnast på nettstaden og kva for nokre program du kan laste ned gratis for å kunne ta del i informasjonen.

Endre tekststørrelsen

Ved hjelp av din nettlesar sine innebygde funksjonar kan du endre størrelse på teksten. I dei fleste moderne nettlesarer gjer du dette ved å halde nede CTRL samstundes som du snurrar på musehjulet. Du kan også endre tekststørrelsen i nettlesaren sine menyar.

Teknisk informasjon

Webapplikasjonen byggjer på WAIstandardens anbefalingar (Web Accessibility Initiative), og er teke fram av W3C (World Wide Web Consortium). WAI er teke fram for at kommunen sine websystem skal gjerast tilgjengelege for alle, uansett personlege føresetnadar. Systemet skal vere køyrbart utan behov for tilleggskomponentar, samstundes som det setjast krav til innhald og layout. Det inneber at XHTML 1.0 Strict vert nytta for å strukturere innhald, og at stilark (CSS, Cascading Style Sheets) vert nytta for å styre korleis innhaldet vert presentert.

Nettlesarar

Webapplikasjonen gjer seg aller best i ein moderne nettlesar som har støtte for den standarden nemnd ovanfor. Eldre versjonar av nettlesarar som ikkje har støtte for slike standardar viser same innhald, men utan formgiving. For meir informasjon om ulike nettlesarar, sjå respektive nettlesarar si nettstad.

Skript

Denne nettsida nyttar JavaScript enkelte stader i samband med val av dato og for å åpne visse typer lenker i nye vindauge. Ingen av desse funksjonane er kritiske for at nettsida skal fungere.


Her finn du informasjon som kommunen er pålagt å informere om ved bruk av våre elektroniske tenester.

Adresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Telefon: 51 75 00 00

E-postadresse: postmottak@hjelmeland.kommune.no

På denne nettstaden vert det nytta informasjonskapslar. Informasjonskapslar er små tekstfiler som lagrast på brukaren sin pc, og som er mogleg å nytta for å følgje kva brukaren gjer på nettstaden.

Det finst to typar informasjonskapslar:

  1. Ein permanentkapsel vert liggjande att på brukaren si datamaskin i ein bestemt tidsperiode.
  2. Ein sesjonskapsel vert lagra midlertidig i datamaskinen sitt minne, medan brukaren er inne på nettstaden. Denne kapselen forsvinn når du lukkar nettlesaren.

Denne nettstaden nyttar berre sesjonskapslar. Dette vert nytta for å handtere informasjon som du legg att når du brukar nettstaden sine e-tenester.

Dersom du ikkje aksepterar bruk av informasjonskapslar, kan du stengje av dette i din nettlesar si sikkerheitsinnstillingar. Sesjonskapslar må aksepterast for at nettstaden si e-tenester skal fungere. Du kan også stille inn nettlesaren slik at du får eit spørsmål kvar gong nettlesaren forsøkjer å lagre ein informasjonskapsel på din datamaskin. Gjennom nettlesaren kan også tidlegare lagra kapslar slettast. Les meir om dette på nettlesaren si eigen hjelpeside.

Teknologirådet er eit uavhengig, offentleg organ som skal identifisere viktige teknologiutfordringar og fremme ein brei offentleg debatt om moglegheiter og konsekvensar ved ny teknologi for samfunnet og for den enkelte. Du kan lese meir om Cookies på deira nettstad: www.teknologiradet.no

Kommunen er ansvarleg for handsaming av personopplysningar på denne nettstaden. Informasjon om korleis du kan kontakte oss finn du nedst på sida.

Kommunen handsamar personopplysningane dine:

  • for å kunne identifisere deg
  • for å administrere personopplysningane dine og vedlikehalde relaterte tenester, som lister over søkjarar og tilhøyrande funksjonar.

Denne personvernerklæringa gjer rede for korleis personvernet vert ivareteke i samband med data som kommunen samlar inn gjennom denne webstaden.

Denne personvernerklæringa følgjer "Lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift".

Som brukar av nettstaden samtykker du til lagring av dei innsamla data om deg. Samtykket vert gitt som godkjenning av våre retningsliner for personvernet, og som samtykke for handsamingsmåten av opplysningane, jf. personopplysningslova § 2 nr 7.

Viss du ynskjer ytterlegare informasjon om korleis personopplysningar du gir til kommunen ved denne webstaden vert handsama, eller du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, kan du ta kontakt med den kommunale eininga som skal ha opplysningane og som skal handsame saka.


Handsamingsansvarleg og datahandsamar
Kommunen er eigar av informasjonen som vert samla inn, og er ansvarleg for handsaminga jf. personopplysningslova § 2 nr 4-5. Det er kommunalsjefen som er handsamingsansvarleg, men det daglege ansvaret ligg til leiinga ved den einskilde eininga.

IST AS er datahandsamar av personopplysningar samla inn gjennom denne nettstaden. Eigartilhøvet vert regulert av ein eigen "databehandlaravtale" som sikrar konfidensialitet og integritet gjennom sikre løysingar og rutinar for sletting av informasjon ved overføring til kommunen.


Føremålet med innsamling av personopplysningar
Dei innsamla opplysningene set kommunen i stand til å utføre sakshandsaminga si knytt til dine spørsmål. Dei innsamla opplysningane om deg vert registrert og handsama på same måte som om du hadde vendt deg til kommunen på papir.

Opplysningane vil berre verte brukt til sakshandsaming for det føremål spørsmåla gjeld.


Sensitive personopplysningar
Du må ikkje leggje inn sensitive personopplysningar i skjermdialogane. Sensitive personopplysningar kan vere opplysningar knytt til etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, opplysning om straffbare tilhøve, helseopplysningar og/eller medlemskap i foreiningar o.l. (jf personopplysningslova § 2 nr 8). Du må heller ikkje leggje ved vedlegg som inneheld slik informasjon. Om du må avgje denne type informasjon i samband med at du vender deg til kommunen, må du ettersende dette pr. post. Informasjon om dette vert gitt i skjermdialogane.

Innsamling, handsaming, lagring og vidareformidling av personopplysningar
Personopplysningar i samband med ei spesifikk sak er berre tilgjengelig for:
  • sakshandsamarar i kommunen som er involvert i saka
  • tilsette i kommunen som er involvert i saka (utan direkte tilgang til sakshandsmingssystemet)
  • teknisk support i kommunen, dersom tekniske problem skulle dukke opp i handsamingssystema

Dersom kommunen har behov for å vidaresende saka til eit anna forvaltningsorgan, vil personen det gjeld verte informert, og løyve vil verte etterspurt for eventuell overføring av opplysningane.


Informasjonssystem og bruk av teknologi
Alle opplysningar som vert overført mellom datamaskina di, kommunen og datahandsamar sin(e) tener(e) vert transportert over ei sikra line (HTTPS/SSL).

Informasjonssystema våre er lagt til rette for å handsame personopplysningar jf. personopplysningslov § 8 (ikkje-sensitive personopplysningar).


Rett til innsyn i, og endring/ sletting av personopplysningar
Viss du ønskjer innsyn i dei opplysningane som kommunen har laga om deg, kan du ta kontakt med den kommunale eininga som handsamar saka opplysningane er gitt i samband med. Du kan be om at opplysningar vert endra, retta eller sletta.